Arkitektur og Landskap

Arkitektur

Arkitektane våre har erfaring frå planlegging av ulike typer bygg;
bustader, helse- og sosial, kulturhus, skoler og næringsbygg.

Referanseprosjekter

Ein bygning skal vere ei funksjonell og estetisk ramme rundt dei funksjonane han skal innehalde. Bygningen påverkar også omkringliggande miljø og landskap. Å byggje handlar om å ta på seg ansvar for miljø og medmenneske. Det er profesjonen vår å ivareta slike omsyn - å planlegge funksjonelle, estetiske, miljøtilpassa og økonomiske bygg. Arkitekten skal vere tillitsmann og næraste rådgjevar for byggherren gjennom heile byggeprosessen.

Landskap

Hovudoppgåva til landskapsarkitekten er å forme og forvalte gode, funksjonelle og miljøtilpassa uteområde. Å skape uteareal der menneske trivst, åleine eller saman med andre.

Referanseprosjekter

Konkrete oppgåver er alt frå planlegging av store naturinngrep, som grustak, steinbrot, industrianlegg og veganlegg, til utforming av urbane uterom, som torg og gaterom. Andre oppgåver er utforming av bustad- og friområde, kyrkjegardar, anlegg for leik, idrett og rekreasjon. Ein sentral del i landskapsarkitekturfaget er forvalting og utvikling av kulturlandskapet. Vi har god kompetanse til å utarbeide illustrasjonar og 3D-visualiseringar av tiltak.