Å nytte omgjevnadane lokalt til produksjon av energi er svært heldig og energien bør nyttast til det den egnar seg best til. Enten det er varme, kjøling eller elektrisitet.
Fornybare energianlegg, som til dømes fjordvarmeanlegget på Nordfjordeid, er i praksis klima- og miljøtiltak som nyttar. Energikjeldene kan dekke energibehov til varme og kjøling. I tillegg gjev lokal fornybar energi betre forsyningsikkerheit og reduserer importavhengigheit. Eit slik tiltak kan redusere energikostnadnae til oppvarming og kjøling med over 60%.
Energien kan kome frå lav- eller høgtempererte energikjelder, frå potensiell energi eller kinetisk energi. I tillegg til kjemisk energi.
Lavtempererte energikjelder, som fjordvarme, nyttar ein i all hovudsak til varme og kjøling i bygningar. Sidan energikjelda er lavtemperert, treng ein varmepumpe til å heve temperaturen til ønska nivå. Ein kan også nytte energikjelda direkte til kjøling. Dette bidrar til at ein får kontroll på innetemperaturen i bygget, noko som er viktig i mellom anna forretningsbygg, kontorbygg, sjukehus, omsorgsbygg og skulebygg. I tillegg er kjøling av datarom ofte aktuelt. Eksempel på lavtempererte energikjelder er sjøvatn, ferskvatn, grunnvatn, lausmasser/jord, fjell og berg, sol, luft, ventilasjonsavkast og avløpsvatn.
Høgtempererte energikjelder kan nyttast til varme og elektrisitetproduksjon. Eksempel på høgtempererte energikjelder er grunnvarme frå djupe borehol, sol, biobrensel og avfallsforbrenning. Spillvarme frå industri kan også vere aktuelt enkelte stader.
Potensiell energikjelder kan best nyttast til elektrisitetproduksjon. Eksempel på potensiell energi er sol og vasskraft.
Kintetisk energikjelder kan også best nyttast til elektrisitetproduksjon. Eksempel på kinetisk energi er vind, tidestrøm og bølgjer.