I medhald av plan- og bygningslova (pbl.) § 12-8 vert det varsla oppstart av reguleringsplanarbeid for Sigdestadneset gbnr. 116/2, 116/3, 116/4, 116/5, 116/24, 116/25, 116/30, 116/38 og 116/44 i i Ålfoten Bremanger kommune (planID 202402). Planen skal bli utarbeidd som ein detaljreguleringsplan etter pbl. § 12-3.
Frist for innspel er sett til 4. april 2025.

Føremålet med planarbeidet
Føremålet med reguleringsplanarbeidet er å legge til rette for bubilparkering, fritidsbustader og båthamn med tilkomstveg og parkering. Det er og planlagt ein turstig frå bubilparkeringa til båthamna, langsmed fjorden.
Krav om konsekvensutgreiing
Det er vurdert at planen ikkje er omfatta av §§ 6, 7 eller 8 i forskrift om konsekvensutgreiingar (06/2017) (KU-forskrifta), og planen løyser dermed ikkje ut kravet om konsekvensutgreiing.
Kunngjering
Planarbeidet blir kunngjort i avisa Fjordenes Tidende 06.03.2025. I tillegg vert oppstartsvarsel med relevante vedlegg ( annonse i avis, kartutsnitt, notat om utviding av plangrense, planinitiativ og referat frå oppstartsmøte) lagt ut her og på kommunen sine nettsider bremanger.kommune.no
Medverknad
Fagmynde, grunneigarar/naboar mfl. vert invitert til å kome med innspel gjennom varslinga og kunngjering av planoppstart. Det vert lagt opp til tett dialog og avklaringar med grunneigarar og aktuelle fagmynde undervegs. Dersom du har spørsmål til planarbeidet kan kontakte Nordplan AS v/Martin Sørland Barlla.
Innspel og merknader skal vere skriftlege og sendast på e-post til msb@nordplan.no eller per post til Nordplan AS av. Nordfjordeid Postb. 224, 6771 Nordfjordeid.
Vedlegg
Oppstartsvarsel Sigdestadneset.pdf
Planinitiativ Sigdestadneset.pdf
Endra plangrense_Sigdestadneset.pdf
Planoppstartsmøte_ Detaljreguleringsplan for Sigdestadneset.pdf