Senior arealplanlegger

Vi er Nordplan. Kva er din plan?

Vil du jobbe i eit dynamisk og tverrfagleg miljø, og samtidig ha friheita til å velje kvar du skal bu? Då kan Nordplan vere arbeidsplassen for deg! Vi nærmar oss 100 tilsette, og no treng vi deg som er arealplanleggar med på laget for å utvikle morgondagens løysingar saman med oss.

Kven er vi? 

I Nordplan ser vi at gode løysingar kjem når ein ser menneska bak prosjekta og omgjevnadane dei skal passe inn i. Vi er eit tverrfagleg selskap som jobbar med alle fasar av ein planprosess, eit infrastruktur- eller byggeprosjekt. Vi hjelper også til med drift og eigedomsutvikling. Her jobbar arkitektar, ingeniørar, landskapsarkitektar og planleggjarar side om side. Dei beste ideane blir til når vi deler kunnskap og ser moglegheiter saman. Vi trur på samarbeid og ekte engasjementet som oppstår når flinke folk jobbar saman.

Det er ikkje berre kva vi gjer som betyr noko for oss, men også korleis vi gjer det. For oss handlar arbeidet om meir enn det ferdige resultatet. Det handlar om å sette små spor som varer, og som gjer kvardagen betre og lokalsamfunna sterkare. For vi skal vere med å forme ei framtid som vi skal vere stolte av.

Kva kan vi tilby deg?

  • Arbeidstid som er balansert og tilpassa prosjektmål og privatsituasjon.
  • Fleksibilitet til å velje arbeidsplass. Om du vil bu i Fjell-, Fjord- eller Kyst-Noreg, er opp til deg. Vil du heller jobbe frå byen, eller ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu, så finn vi løysingar for det. Vi likar sjølvsagt aller best at du er innom eit av våre kontor slik at vi får ha det sosialt saman òg. Uansett kvar du vil jobbe frå finn du eit triveleg og uformelt arbeidsmiljø på desse stadane: Nordfjordeid, Måløy, Stryn, Førde, Ørsta/Volda, Ålesund, Molde, Bismo, Vågåmo, Otta, Lillehammer, Oslo, Bergen og Reykjavik.
  • Du får vere med å skape ei framtid du kan vere stolt av. I tillegg får du jobbe med spennande og utfordrande prosjekt som du kan lese meir om her.
  • Vi er eit selskap i vekst, så her er moglegheiter for både personleg og fagleg utvikling – spesielt med tanke på at du får eit tverrfagleg miljø og flinke kollegaer rundt deg.
  • Du får sjølvsagt lønn, pensjons- og forsikringsordningar.
  • Du blir ein del av eit selskap som støttar nærmiljøet. Lokalt ved dei ulike kontora våre støttar vi ulike lag og aktivitetar.


Kven er du? 

Vi ser for oss at du har ei stor interesse i fagområdet og tilgrensande fag. Du evnar å handtere fleire planprosessar og saker parallelt, og trivast med kundekontakt og prosjektleiing. Som person er du trygg, omgjengeleg og likar samarbeid. Du har gode kommunikasjonsevner – både munnleg og skriftleg – på norsk og engelsk. Du er løysingsorientert og ser moglegheiter innanfor handlingsrommet, og er glad i å tileigne deg ny kunnskap og bruke dette i arbeidet. Vidare ser vi for oss at du har følgande kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning innan arealplan eller tilsvarande fagområde
  • Erfaring innfor arealplanlegging og plan og bygningslov
  • Erfaring med å leie arbeidsgrupper og fagleg oppgåveløysing

Fagleg blir du ein del av seksjonen for «Plan, landskap og infrastruktur» i selskapet. Denne stillinga kan vere knytt til eit av kontora våre i Nordfjordeid, Førde, Måløy eller Stryn.


Vil du søkje?

Vart du nysgjerrig på stillinga og livet i Fjell-, Fjord- eller Kyst-Noreg? Vår HR-ansvarlege Ingvild Kristin Røe (951 50 406) vil gje deg ytterlegare informasjon om Nordplan og stillinga.

Vi gler oss til å høyre frå deg! Send inn søknaden din til ikr@nordplan.no innan 19. januar 2025. Alle som søkjer vil sjølvsagt få tilbakemelding frå oss. 

Vi er Nordplan. Kva er din plan?