VA-ingeniør

Stillingsannonse

Har du lyst til å jobbe i eit dynamisk og tverrfagleg teknisk miljø for eit meir berekraftig samfunn? Då kan Nordplan vere riktig plass for deg. Nordplan er i vekst og vi ønskjer deg i teamet for å utvikle framtidsretta løysingar innan Vann- og Miljøteknikk.

Kva tilbyr vi? 

I Nordplan verdset vi samarbeid og innovasjon, og du vil samarbeide i eit tverrfagleg miljø med arkitektar, ingeniørar, landskapsarkitektar og planleggjarar. Nordplan ønsker å tilby uformelt og triveleg arbeidsmiljø, arbeidstid som er balansert mellom prosjektmål og privatsituasjon. Om du vil bu i Fjell- eller Fjord-Noreg er opp til deg. Du får konkurransedyktig løn, pensjons- og forsikringsordningar, samt moglegheiter for personleg og fagleg utvikling. Med oss får du utfordrande oppgåver, og vi set pris på medarbeidarar som tek ansvar. Vi jobbar med fleire spennande prosjekt. Du kan lese meir om referanseprosjekta våre her.


Kven er du? 

Du er opptatt av VA-teknologi og har evna til å integrere dette på ein effektiv måte i byggeprosjekt. Vi ser for oss at du er ein fagleg engasjert person som er løysningsorientert og initiativrik. Du har gode kommunikasjonsevner – både munnleg og skriftleg – på norsk og engelsk, og likar samarbeid. Vidare ser vi for oss at du har følgande kvalifikasjonar:

  • Master- eller bachelorgrad innanfor vann- og miljøteknikk.
  • Erfaring med prosjektering av VA-anlegg vil bli vektlagt. Vidare ser vi for oss at du har følgande kvalifikasjonar og ansvarsområde:


Kva blir dine ansvarsområde?

  • Prosjektering av VA-anlegg med moderne verktøy som Autocad, Novapoint og Fokus Vardak 
  • Utgreiing og analyse med modelleringsprogram som EPANET, EPASWWM, HY8 og evt. HEC-RAS. 
  • Utarbeiding av faglege rapporter og notat. 
  • Byggeleiing og prosjektleiing etter kompetanse. 


Vart du nysgjerrig på stillinga og livet i Fjell- eller Fjord-Noreg? Vår HR-ansvarlege Ingvild Kristin Røe (951 50 406) vil kunne gi deg ytterlegare informasjon om Nordplan og stillinga.


Oppstart etter avtale. Søknad og CV sendast til Ingvild Kristin Røe på e-post ikr@nordplan.no.