Vegplanleggar

Stillingsannonse

Har du lyst til å jobbe i eit dynamisk og tverrfagleg teknisk miljø for eit meir berekraftig samfunn? Då kan Nordplan vere ein riktig plass for deg. Nordplan er i vekst og vi ønskjer deg i teamet for å utvikle framtidsretta løysingar saman med oss. Vi har oppdrag innanfor alle fasar av eit byggeprosjekt, alt frå moglegheitsstudier og konseptstudier i planfase til detaljprosjektering av byggeplanar. 

Kva tilbyr vi? 

I Nordplan verdset vi samarbeid og innovasjon, og du vil samarbeide i eit tverrfagleg miljø med arkitektar, ingeniørar, landskapsarkitektar og planleggjarar. Nordplan ønsker å tilby uformelt og triveleg arbeidsmiljø, arbeidstid som er balansert mellom prosjektmål og privatsituasjon. Om du vil bu i Fjell- eller Fjord-Noreg er opp til deg. Du får konkurransedyktig løn, pensjons- og forsikringsordningar, samt moglegheiter for personleg og fagleg utvikling. Med oss får du utfordrande oppgåver, og vi set pris på medarbeidarar som tek ansvar. Vi jobbar med fleire spennande prosjekt. Du kan lese meir om referanseprosjekta våre her.

Kven er du? 

Vi ser for oss at du er ein fagleg engasjert person som er løysningsorientert og initiativrik. Du har gode kommunikasjonsevner, og ønsker du å vidareformidle eigen kunnskap eller rettleie yngre medarbeidarar. Om den rette kandidaten dukkar opp er det også aktuelt å drøfte stilling som fagleiar for Veg-faget. Fagleiar har det overordna ansvaret for at gruppa er oppdatert på nyaste retningslinjer og kunnskapar innanfor faget og vere næraste leiar for vegplanleggarane. Oppgåvene vil gå ut på å gjennomføre framtidsretta grep for å vidareutvikle og bygge ei robust veggruppe som fyller si rolle i Nordplan. Vidare ser vi for oss at du har følgande kvalifikasjonar:

  • Minimum 3 års relevant utdanning frå universitet eller høgskule
  • Helst 3 års relevant arbeidserfaring, men dette er ikkje eit krav.


Kva blir dine ansvarsområder?

  • Generell oppdragsleiing
  • Novapoint/Autocad
  • Infraworks/Civil3D
  • BIM og anna modellbasert samhandling, samt beskrivelsar til anbodsutlysing
  • Oppfølging i alle fasar av eit vegprosjekt, frå ide og konsept til ferdig bygd anlegg
  • Koordinering og samarbeid med andre fag med fokus på digital arbeidsflyt


Vart du nysgjerrig på stillinga og livet i Fjell- eller Fjord-Noreg? Vår HR-ansvarlege Ingvild Kristin Røe (951 50 406) vil kunne gi deg ytterlegare informasjon om Nordplan og stillinga.


Oppstart etter avtale. Søknad og CV sendast til Ingvild Kristin Røe på e-post ikr@nordplan.no.