Nordplan og sosial berekraft

Åpenhetslova

Åpenhetsloven skal fremje verksemders respekt for menneskerettar og anstendige arbeidsforhold, samt sikre ålmenta tilgang på informasjon. Her er rapporten av Nordplan sine aktsemdsvurderingar.


1 Nordplan AS 

Nordplan AS vart etablert i 1987. Vi tilbyr design-, plan- og prosjekteringstenester i eit tverrfagleg miljø. Vi har hovudkontor i Nordfjordeid og avdelingskontor i Førde, Ålesund og Vågå, med satelittkontor i Oslo/Kolbotn, Otta og Skjåk. 

1.1 Kva vi leverer 

Vi har oppdrag for både private og offentlege ved å tilby teknisk og arkitektfagleg rettleiing frå idé til ferdig bygg. 

 

2 Sosial berekraft 

Ei berekraftig utvikling dreiar seg om tre område: 

  • Klima og miljø 
  • Økonomi 
  • Sosiale forhald 

Den sosiale delen av berekraftig utvikling handlar om å sikre alle menneske eit godt og rettferdig grunnlag for eit anstendig liv. Menneskerettane er utgangspunktet for dette. Åpenhetsloven krev at verksemdene skal 

«forankre ansvarlighet i virksomhetens retningslinjer», jmf. Åpenhetsloven § 4 bokstav a. 

Sosiale forhald er blant anna utdanning, anstendig arbeid, likestilling, kulturelt mangfald og eit godt helsetilbod. Næringslivet kan spela ei viktig rolle i å fremja desse rettigheitene, ved å stille krav til eiga verksemd og verksemder ein samarbeider med.  

 

3 Korleis Nordplan AS arbeider med sosial berekraft 

3.1 Internt arbeid 

Nordplan AS har eit medvite forhald til sosial berekraft. Vi stiller krav til eiga verksemd og bruker metodikk for å kartlegge eiga leverandørkjede og forretningspartnarar for å fremje menneskerettane.  

Dei aller fleste leverandørar og forretningspartnarane til Nordplan AS er lokalisert i Noreg. Samstundes er ikkje desse innan risikobransjer. Kartlegginga vår syner at ingen av dei vi samhandlar med har ein risiko når det kjem til ikkje-etisk handling og ansvarleg næringsliv.  

Alle tilsette i Nordplan AS har eit medvite forhald til sosial berekraft. Dette inneber blant anna helse, miljø og sikkerheit, mangfald og likestilling på alle område. 

3. Code of Conduct 

Nordplan AS har starta arbeidet med å formulere Code of Conduct. Desse retningslinjene gjeld for Nordplan og leverandørar og forretningspartnarar som er engasjert av eller forbunde med Nordplan AS når det kjem til grunnleggjande krav til menneske- og arbeidstakarrettigheiter og miljø. 

4 Vurdering av eiga verksemd 

4.1 Våre leverandørar og forretningspartnarar 

Ut ifrå oversikta av leverandørkjeder og forretningspartnarar, har vi gjort ei vurdering at ved innkjøp under 100 000kr vil vi ikkje gå vidare med kartlegginga. Denne risikoaksepten er ei vurdering kring at kjøpet og samhandlinga er så liten at vi ikkje har moglegheit til å påverke etisk handling og ansvarleg næringsliv.  

Våre leverandørar og forretningspartnarar leverer konsulenttenester, digitale løysingar og faglege utredninger.  

4.2 Konkret om kartleggingsarbeidet 

Vi har skaffa oss ei oversikt over leverandørar og forretningspartnarar og innkjøpet vi har gjort. Vidare er desse kategoriserte i geografi, tenester, faktiske eller potensielle negative konsekvensar hjå dei ulike einingane.  

4.3 Resultatet 

Kartlegginga vår av leverandørkjede og forretningspartnarar syner at Nordplan ikkje samhandlar med nokon som innehar ein risiko for negative konsekvensar for grunnleggande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold. Dei aller fleste har tilhaldsstad i Noreg, og dei som har kontor globalt, har gjort sine eine aktsemdsvurderinger som er publiserte på heimesida deira.  

Bilde1.png

Kjelde: Worldmap CSR Risk Check. 

 

5 Tiltak 

Per no treng ikkje vi å foreta oss noko for å stanse, førebygge eller avgrense negative konsekvensar for menneskerettar og anstendige arbeidsforhold. VI vil likevel i større grad arbeide for å utarbeide retningslinjer for sosial berekraft og implementere desse innad i Nordplan AS og utad til våre samarbeidspartnarar samt gjera fortløpande aktsemdsvurderinger.  

 

6 Code of Conduct 

Retningslinjer for sosial berekraft – Åpenhetsloven 

6.1 Innleiing 

Nordplan AS sin Code of Conduct understrekar Nordplan AS sitt fokus på sosial berekraft og respekt for grunnleggande menneskerettar og anstendige arbeidsvilkår.  

6.2 Verkeområde 

Desse retningslinjene gjeld for Nordplan AS. Vidare er den gjeldande for våre leverandørar og forretningspartnarar som er engasjert eller forbunde med Nordplan AS. 

6.3 Definisjonar 

Åpenhetsloven er LOV-2021-06-18-99 om verksemder si openheit og arbeid med grunnleggjande menneskerettigheiter og anstendige arbeidsforhold. Loven er ei menneskerettslov for næringslivet og skal fremje verksemder sitt arbeid med å sikre menneskerettane og anstendige arbeidsforhold i eiga bedrift og hjå leverandørar og forretningspartnarar. 

Grunnleggjande menneskerettar er dei internasjonalt anerkjente menneskerettane som fylgjer av FN sin konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettigheiter frå 1966, FN sin konvensjon om sivile og politiske rettigheiter frå 1966 og IO sin kjernekonvensjon om grunnleggjande rettigheiter og prinsipp i arbeidslivet, jmf. Åpenhetsloven § 3 c. 

Anstendige arbeidsforhold er arbeid som tek omsyn til grunnleggjande menneskerettar etter Åpenhetsloven § 3 bostav b, og helse, miljø og sikkerheit på arbeidsplassen, og som gjev ei løn til å leve av, jmf Åpenhetsloven § 3 c. 

Leverandørkjede er einkvan i kjeda av leverandørar og underleverandørar som leverer eller produserer varer, tenester eller andre innsatsfaktorar som inngår i leveringa av tenester eller produksjon av varer frå råvarestadiet til ferdig produkt, jmf. § 3. Med forretningspartnar er einkvan som leverer varer eller tenester direkte til verksemda, men som ikkje er ein del av leverandørkjeda. 

6.4 Prinsippa våre 

Nordplan AS forpliktar seg til å etterleve og respektere grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsvilkår i eiga verksemd. Vi etterlever like rettar og moglegheiter til dei tilsette uavhengig av kjønn, kjønnsidentitet, etnisitet, religion eller anna tru, handikap, alder og liknande.  

Vi forventar at dei vi samhandlar med i vår verksemd, også gjer det same. Dette er ein føresetnad  for å kunne vera leverandør eller forretningspartnar for Nordplan AS. Vi forventar at våre samarbeidspartnarar også har rutinar for sjekk samt utfører aktsemdsvurderinger av si leverandørkjede. 

Nordplan AS vil kartlegge og vurdere etterlevinga av grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsvilkår hjå våre samarbeidspartnarar.  

I dei tilfella vi vurderer at ein leverandør eller forretningspartnar kan ha negativ innverknad på desse rettigheitene, skal vi setja i verk egna tiltak for å stanse, førebygge eller avgrense slike negative konsekvensar. 

6.5 Ansvar 

Leiarar i Nordplan AS har ansvar for at dei sjølv og dei tilsette er kjend med og overheld våre retningsliner for sosial berekraft.  

 

 

Nordfjordeid, 3. mars 2023 

Bjørn Myklebust

Nordplan AS