Om Nordplan

Dette er oss

Nordplan tilbyr design-, plan- og prosjekteringstenester i eit kreativt tverrfagleg miljø med sterkt lokalt engasjement og forankring. Vi har hovudkontor på Nordfjordeid og avdelingskontor i Førde, Ålesund og Vågå i Gudbrandsdalen. Nordplan vart etablert i 1987.

Vi har oppdrag for både offentlege og private kundar. Gjennom våre avdelingskontor tilbyr vi teknisk og arkitektfagleg rådgjeving frå idè til ferdig bygd anlegg. Vi legg stor vekt på tverrfagleg prosjektering og tett samvirke mellom dei ulike fagområda. Slik finn vi gode, fleksible og robuste løysingar. Nordplan skal vere uavhengig i høve til andre partar – som entreprenørar, leverandørar og offentlege instansar. Dette sikrar interessene dine.

Forretningsidé

Vår forretningside er å levere rådgjevings- og prosjekteringstenester som skaper verdiar for kunden og lønsemd for selskapet.

Vi har som målsetting å vere eit av dei største, uavhengige fagmiljøa innanfor planlegging og prosjektering av bygg og anlegg mellom Bergen og Trondheim. Denne målsettinga når vi ved å sørge for at våre tilsette har høg kompetanse, og ved å bruke moderne informasjonsteknologi og prosjekteringsverktøy. Samstundes skal vi og ha fokus på kostnader for kunden.

Fleirfagleg

Resultatet av arkitektar og ingeniørar sitt arbeid er synleg over alt i samfunnet. God form og teknikk er avgjerande for å redusere utbyggingskostnader og framtidig behov for vedlikehald. Det er i startfasen av prosjektet at kvalifisert rådgjeving har størst effekt på resultatet. Fleirfagleg samarbeid i denne fasen er avgjerande for å oppnå dei beste løysingane. Nært samarbeid mellom arkitektar og ingeniørar gjev meirverdi.


Vår breie faglege tilnærming skal sikre optimale løysingar. Vi har inngåande kunnskap om funksjon, så vel som til kva for fysiske og kjemiske påkjenningar ulike konstruksjonar kan tåle. Gjennom god utforming og rett materialbruk reduserer vi såleis framtidige drifts- og vedlikehaldskostnader.

Kunnskap

Profesjonell planlegging av ei byggesak krev kunnskap og lang erfaring. Slik kompetanse har vi fått gjennom eit stort mangfald av oppdrag, dyktige medarbeidarar og samarbeidspartnarar. Vi kjenner godt til offentleg sektor sine krav til open planprosess, til samarbeid, til ansvar for miljø og heilskaplege løysingar. Denne kunnskapen gir oss eit godt utgangspunkt for å løyse problemstillingar der begge partar er involverte.

I Nordplan arbeider sammfunnsplanleggarar, sivilarkitektar, landskapsarkitektar, sivilingeniørar og ingeniørar. Ved å kombinere desse fagdisiplinane i arbeidsgrupper tilpassa kvart einskilt oppdrag, kombinert med at vi disponerer effektive BIM/DAK- verktøy, har vi eit godt utgangspunkt for å levere gode- og ikkje minst teknisk og økonomisk gjennomførlege planar. Det er denne breie kompetansen du får tilgang til ved å bruke Nordplan som planleggar.

Verdiskaping

Det kompetansebaserte arbeidet vi utfører ved å skape god arkitektur, økonomiske og funksjonelle løysingar, representerer ei vesentleg verdiskaping i eit prosjekt, på linje med sjølve byggearbeidet. Difor er vårt arbeid viktig, difor tar vi fagleg kompetanse på alvor.

Medlemsskap/Sentral godkjenning

Vi har for våre kompetanseområde sentral godkjenning i klasse 3 etter Plan- og bygningslova; som ansvarleg søkar, ansvarleg prosjekterande og ansvarleg kontrollerande.

Selskapet har vore tilslutta RIF (Rådgivende Ingeniørers Foreining) sidan starten i 1987 og Arkitektbedriftene sidan 1993. Nordplan skal utøve rådgjevingstenester i samsvar med RIF og Arkitektbedriftene i Norge sine normer som tek vare på krav til fagleg kompetanse, sunn forretningsmessig drift, god forretningsskikk og uavhengig rådgjeving.

Vår historie

Selskapet vart etablert i 1987 av sivilingeniør Ivar Bjarte Nord og rådg.ing.firma Myklebust AS i Trondheim. Selskapet arbeidde i starten innan fagområda Byggeteknikk og Prosjektadministrasjon. I 1990 trekte Myklebust AS seg ut. Noverande eigarar er tilsett i Nordplan AS.

I 1992 etablerte Nordplan arealplanlegging som eige kompetanseområde. I 1993 arkitektur som kompetanseområde.