Aksla Stadion
Aksla Stadion har ei plassering dei fleste idrettsanlegg berre kan drømme om, men banedekke og utforming heldt ikkje lenger dei krav som stillast for å kunne arrangere stevner på eit visst nivå. Dette ønska Ålesund Kommune og Aksla Idrettslag å gjere noko med, og Nordplan vart engasjert i arbeidet.

Aksla stadion var etter fleire år med dårleg vedlikehald moden for rehabilitering. Nordplan fekk derfor i oppdrag å detaljprosjektere ny friidrettsbane og fotballbane. I dette låg mellom anna masseutskifting av dårleg grunn, drenering av fotballbane og løpebane, samt nytt lysanlegg.
Nordplan hadde óg ansvaret for å kontrahere entreprenør, samt å følgje opp entreprenøren i byggetida.
COWI gjennomførte eit forprosjekt som danna grunnlaget for vidare prosjektering.