Brimibue (Murgarden II)
Nybygg i massivtre som favnar både det moderne og det trasjonsrike og samstundes er både transparent og lukka.
Nybygg i massivtre som favnar både det moderne og det trasjonsrike og samstundes er både transparent og lukka.
Per Ove Røe
Avdelingsleiar Gudbrandsdal/LillehammerByggetradisjonen i Lom med bruk av treet som byggemateriale er høgt utvikla gjennom hundrevis av år. Dette skisseprosjektet er inspirert av grunnleggande prinsipp for denne byggetradisjonen. Samstundes legg vi vekt på å få til eit godt uttrykk for det aktuelle byggjeprogrammet med gode relasjonar til tettstaden og til lyset og landskapet. Murgarden er inspirert av utformingsprinsippa for det tradisjonsrike buret. Bygget er ope og utadvendt på plan 1 og meir lukka på plan 2 der det vil etablerast hotell.
Hovudkonstruksjonen er i massivtre. Hovudrommet for servering, utstilling og butikk er konstruert med trerammer i eit organisk mønster omslutta av ein transparent yttervegg av glas. Denne kombinasjonen av massive konstruksjonar og transparent yttervegg vil bringe den besøkande i kontakt med landskapet og samstundes gje assosiasjonar til lange byggetradisjonar i Lom. Samstundes vil desse konstruksjonsrammene gje varierte soner i rommet.
Eldstaden/grillen ligg sentralt i rommet og ilag med serveringsdisken blir dette det funksjonelle, visuelle og kulturelle midtpunktet i bygget.