
Bukollektiv og dagsenter for demente
Sula Kommune hadde ønskje om å samlokalisere bukollektiv og dagsenter, samt å auke kapasiteten på bukollektiva utan å rive det som er. Ei utfordring Nordplan tok på seg å løyse!
Sula Kommune hadde ønskje om å samlokalisere bukollektiv og dagsenter, samt å auke kapasiteten på bukollektiva utan å rive det som er. Ei utfordring Nordplan tok på seg å løyse!
Det nye bygget i Molværsvegen inneheld bukollektiv for 10 demente i 1. etasje, og eit dagsenter for for 12- 15 demente i 2. etasje. Prosjektet vart utvida undervegs med 4 bueiningar i 2.etg for demente som er i stand til å klare seg sjølv. Bygget er kopla saman med dei to eksisterande bukollektiva i Molværsvegen 15 og 19 slik at tilsette kjem seg tørrskodd mellom. Utfordringa har vore å få til denne samankoplinga med innbyrdes høgdeforskjellar, og samstundes ivareta kravet til universell utforming. I tillegg er tomta er relativt trang.
I planløysinga er det lagt vekt på at den daglege drifta av einingane skal kunne vere mest mogleg effektiv, samstundes som behovet for skjerming av dei demente skal takast i vare. I samband med det nye bukollektivet er det óg planlagd ein erindringshage. Hagen er delt inn i ulike soner rundt bygningskroppane. Det er lagt vekt på varierte og gode opplevingar og utforming i hht UU. Dagsenteret har eigen takterrasse/hage i søraust.
RELATERTE PROSJEKTER

Norsk Fjellsenter
