Bustader for utviklingshemma, Otta
Ny institusjon for utviklingshemma i massivtre på Otta. 16 bueiningar + fellesrom og areal for tilsette.
Ny institusjon for utviklingshemma i massivtre på Otta. 16 bueiningar + fellesrom og areal for tilsette.
Per Ove Røe
Avdelingsleiar Gudbrandsdal/LillehammerBygget er organisert slik at alle bueiningane har utsyn mot sørvest og elva. Bygningskroppen er skyvd tilbake for å gje rom for eit stort uteområde mot sørvest. I prosjektet er det nytta massivtrekonstruksjon – dette har sikra kort byggetid og godt inneklima under og etter bygging. Parkering er lagt mot nord med utebodar. Undervegs i prosjektet har det vore eit tett samarbeid med brukarkontakt, tilsette og kommunen.
Uteområdet er forma for å maksimere funksjonaliteten på ein kompakt måte, og det tilbyr fleire bruksområde som leik, trening og avslapping. Området er inndelt i soner for ulike formål; for eksempel har bustadane på bakkeplan terrassedekke og hekkbeplantning som skaper privatliv og ein følelse av eigen hage, samstundes som dei har tilgang til fellesområda. Området er plassert over ein parkeringskjellar og det er brukt natursteinsmurar for å ta opp høgdeforskjellar og skjerme mot innsyn frå gangvegen. Tilkomsten til uteområdet er kontrollert gjennom ein port med adgangskontroll. Det er òg eit forsterka område som er skilt frå resten av uteområdet.
I prosjektet har Nordplan stått for:
- Konseptfase
- Byggherreombud
- Detaljprosjektering, arkitekt og landskapsarkitekt
- Byggemelding
- Anbodsbeskriving