Detaljregulering for Falkenstein
Føremålet med detaljreguleringsplanen er å legge til rette for utbyggingsareal til ca. 70 nye bustadeiningar som rekkehus og blokk med tilhøyrande infrastruktur på Falkenstein i Førde kommune. Detaljreguleringsplanen er basert på teikningar frå Bo Arkitekter AS.
Detaljplanen består av 4 bustadfelt, B7-B10. For å oppnå ei heilskapleg terrengtilpassing i terrenget er felta BKS7 og BKS8 tilrettelagt for konsentrert utbygging, som rekkehus. På tomta BBB10 har ein vurderer blokk som den utbyggingsforma som best tilpassar seg landskapet. Det er lagt opp til blokk med inntil 5 etg. og parkering under bygget. På tomta BKB9, har ein vurderer kombinasjon av blokk/konsentrert småhus. Det er lagt opp til blokk mot vest med inntil 5 etg. og parkering under bygget. BKB9 ligg slik til i terrenget at det ikkje vil være så dominerande å gå opp i 5 etasjer då terrenget bak denne tek opp denne høgda godt. I aust vil BKB9 bli tilrettelagt for konsentrert utbygging, som rekkehus
SGC Geofare ASer dei som har gjennomført skredvurderingar for området.