Detaljregulering for Flyplasskrysset
Nordplan har utarbeidd detaljreguleringsplan for Flyplasskrysset i Ørsta kommune. Planarbeidet skal legge til rette for å etablere ei rundkøyring ved dagens T-kryss (E39).
Nordplan har utarbeidd detaljreguleringsplan for Flyplasskrysset i Ørsta kommune. Planarbeidet skal legge til rette for å etablere ei rundkøyring ved dagens T-kryss (E39).
Føremålet med reguleringsplanen har vore å legge til rette for ombygging av dagens T-kryss ved Ørsta-Volda lufthamn til ei rundkøyring. Dagens kryssløysing gir farlege trafikksituasjonar, da det er stor trafikkmengd på E39 og vanskeleg å køyre inn på vegen. Tiltaket vil gi betre framkome og auka trafikksikkerheit på staden.
Føremålet med reguleringsplanen har i tillegg vore å legge til rette for gode internvegar- og avkøyrselsløysingar, samt eit samanhengande og trygt tilbod for mjuke trafikantar.
Oppdraget har bestått av prosjektleiing, utarbeide planomtale, ROS-analyse, reguleringsføresegner og plankart, samt vegplanlegging. I tillegg er det utarbeida trafikkberekningar/-analyse og støyberekningar.