Detaljregulering Skårastranda

Planområdet består i dag av eit mindre næringsområde, med to etablerte handverks-/produksjonsbedrifter. Prosjektet ynskjer å styrke kapasiteten til eksisterande bedrifter, og samstundes legge til rette for nye. Målet er å koma i posisjon til å motta overskotsmassar frå bygginga av Stad skipstunnel.

Det er utarbeidd ei konsekvensutgreiing, som mellom anna vurderer tiltakas konsekvens på registrert tareskogførekomst i Ulvesundet og tiltaks visuelle nær- og fjernverknader på omgjevnadene. Det har vidare vore gjort grundige geotekniske undersøkingar og vurderingar i sjøen, inkludert områdestabilitetsvurdering som fylgje av funn av sprøbrotsmateriale.

Byggherre: Skårastranda as
Oppdrag: Detaljreguleringsplan
Fagområde: Plan
Prosjektnr.: 21159
Stad: Måløy
Areal: 134.000 m2
År: 2021-2023

RELATERTE PROSJEKTER