Detaljregulering skule- og idrettsområde, Nordfjordeid
Skule- og idrettsområdet på Nordfjordeid er eit større aktivitetsområde for born og unge. Reguleringsplanen legg rammer for den framtidige utviklinga for området. Her må det sikrast trygge område for mjuke trafikkantar og framtidige uteareal for born og unge.
Skule- og idrettsområdet på Nordfjordeid er eit større aktivitetsområde for born og unge. Reguleringsplanen legg rammer for den framtidige utviklinga for området. Her må det sikrast trygge område for mjuke trafikkantar og framtidige uteareal for born og unge.
Lars Etterdal
Fagansvarleg BrannSkule- og idrettsområdet på Nordfjordeid inneheld barne- og ungdomsskule, folkehøgskule, idrettshall, fleirbrukshall, svømmeanlegg og idrettsbane. Hovudtilkomsten til området er ved Skulevegen nord i planområdet, og har fleire utfordringar knytt til trafikkforhold.
I reguleringsplanen for området vert det lagt til rette for breie gang- og sykkelvegar, eigne «kiss’n ride» stasjonar for avlevering og henting av skuleelevar. Det er i tillegg lagt til rette for betre organisering av dei mange skulebussane som køyrer i Skulevegen. Også langs E39 er det lagt til rette for ein ny undergang for gåande/syklande, samt ny gang- og sykkelveg. Desse tiltaka betrar tilkomsten til både området i seg sjølv, men er også positiv for gjennomgangstrafikk mellom Nordfjordeid sentrum og fleire større bustadfelt i området.
Gjennom reguleringsplanen vert uteområda til barne- og ungdomsskulen betre sikra mot nedbygging ved framtidig utvikling av skulen. Det vert i staden for flateutviding lagt til rette for utviding i høgda, og at det ikkje skal gå ut over kvaliteten på uteområda. Som ein viktig del av det tidlegfasen i planarbeidet vart det gjennomført omfattande medverknadsopplegg for skuleelevar og aktive organisasjonar innanfor området.
Videoen nedanfor syner ny planlagt situasjon på skuleområdet.