Detaljregulering Volsdalsneset Sør
Det har vore gjennomført arkitektkonkurranse for området. Detaljplanen er basert på vinnarutkastet til arkitektene Niels Torp AS, og omfattar opptil 150 nye bueiningar, plassert på del av det som tidlegare var slakteriet på Volsdalsberga.

Nordplan har utarbeidd ein detaljregulering for eit område på Volsdalsneset, parallelt med utarbeiding av ein større områdeplan her.
Innanfor detaljplanområdet leggast til rette for 6 bustadblokkar omkring eit indre felles uterom. Det vil bli inntil 150 bueiningar av varierande storleik, med parkering hovudsakleg under terreng. Her skal vere leikeareal og badeplass ved kyststien i sør. Det er lagt vekt på gode prinsipp for universell utforming og tilgjenge til kyststien og strandsona. Kyststien er tenkt vidareført både vest- og austover. Friområdet nord-aust for bustadområdet skal vere eit fleirbruksområde, og det er lagt vekt på å utnytte eksisterande kuperte skogslandskap til varierte aktivitetar. Her er planlagd tursti/trimløype og kombinerte leike- og trimapparat der alt kan nyttast av barn og vaksne. Opparbeiding av desse tiltaka vil vere av stor verdi til dei som bur og skal bu i området, samt for byens befolkning generelt.