Detaljreguleringsplan for Veibustkrysset
Nordplan har utarbeidd detaljreguleringsplan for Veibustkrysset i Sula kommune. Planarbeidet skal legge til rette for å etablere eit 2-plans kryss ved dagens T-kryss (E39).
Nordplan har utarbeidd detaljreguleringsplan for Veibustkrysset i Sula kommune. Planarbeidet skal legge til rette for å etablere eit 2-plans kryss ved dagens T-kryss (E39).
Føremålet med reguleringsplanen har vore å legge til rette for ombygging av dagens T-kryss ved Veibust til eit 2-plans kryss. Dagens kryssløysing gir farlege trafikksituasjonar, da det er stor trafikkmengd på E39 og vanskeleg å køyre inn på vegen. Tiltaket vil gi betre framkome og auka trafikksikkerheit på staden.
Føremålet med reguleringsplanen har i tillegg vore å legge til rette for eit samanhengande og godt tilbod for mjuke trafikantar gjennom planområdet, samt å legge til rette for gode løysningar for kollektivtrafikken.
Kryssløysinga er ei midlertidig punktutbetring, fram til ny 4-felts veg (E39) blir etablert på staden.
Oppdraget har bestått av prosjektleiing, utarbeide planomtale, ROS-analyse, reguleringsføresegner og plankart, samt vegplanlegging.
Vegløysingane er basert på et forprosjekt utarbeida av Norconsult.