Eidet skule - landskap

Tre skuler blir slått saman til Eidet skule som skal ha plass til minimum 500 elver. Eksisterande kulturhall bevarast og koplast mot nybygget. Uteområda delast inn i eigne soner for kvart skuletrinn, men fungerer som eit heilskapleg område med glidande overgangar. Voll mot vegen i nord fungerer som støyskjerming og formast som en naturlig del av uteområdet. Fokus på å unngå unødig terrengendring og masseflytting. Skogen i vest er ein flott ressurs for leik og læring. Ungdomstrinnet får ein plaza som er ein solrik utandørs møteplass. Midt i bygningsvolumet ligg eit atrium som ei grøn, frodig og roleg indre sone. Atriet nyttast òg som eit skjerma utandørs undervisningsareal.

Prosjektet er utforma som grunnlag til totalentreprise i team. Nordplan har formgitt uteareala (LARK) medan Slyngstad Aamlid Arkitekter (ARK) har stått for skulebygget. Bygget skal oppnå ZEB-0 og BREEAM-NOR med klassifisering Good.  

Prosjektkostnad:   200 000,- NOK

Kontaktinfo BH/PL: Hanne Helgesen, Prosjektansvarleg hos Ålesund kommunale eigedom KF
mobil 90 94 89 70, hanne.helgesen@aake.no

Byggherre: Ålesund kommunale Eigedom KF
Oppdrag: Totalentreprise grunnlag, Landskap
Prosjektnr.: 22087
Stad: Eidet – Ålesund kommune
Areal: 25000 m2
År: 2022, planlagt ferdig i år 2025

RELATERTE PROSJEKTER