Einebustad i Hoddevik
I Hoddevika er det naturen som dominerer. I farge og materialval glir huset fint inn i landskapet, og let seg prege av vind og vêr ettersom tida går
I Hoddevika er det naturen som dominerer. I farge og materialval glir huset fint inn i landskapet, og let seg prege av vind og vêr ettersom tida går
Bustaden i Hoddevik huser ein familie på fire. Prosjektet består av to volum; eit bustadhus og ein garasje. Voluma er knytt saman av eit utvendig tak. Bustadhuset rommer opphaldsrom, soverom, bad og vaskerom. Garasjen er i tillegg til å vere garasje ein keramikkverkstad.
Eigedomen ligg nydeleg til i det ville og vakre landskapsrommet i Hoddevika. Bustadhuset si form er valt med omsyn til byggeskikken på staden. Garasjen og keramikkverkstaden har ei modernistisk form. I planløysinga er lagt stor vekt på å fange den flotte utsikta ut mot havet i nordvest. Materialpaletten er i gråtonar; betong, zink og grånande trekledning.
RELATERTE PROSJEKTER

Norsk Fjellsenter
