Elvesti langs Opo
Når det flaumar over!
Når det flaumar over!
Grete Marøy Sellevoll
Avdelingsleiar Sunnfjord, Sivilarkitekt MNALEkstremværet 28 oktober 2014 og flaumen i etterkant førte til omfattande skadar langs elva Opo i Odda sentrum. Fleire stader er elvekanten sårbar og utsett for vidare erosjon. Deler av Opo skal difor flom- og erosjonssikrast. Tiltaka innebær terrenginngrep av ulik karakter og omfang. Dei naudsynte inngrepa skal ha ein best mogleg landskapsmessig tilpasning slik at vassdraget sin eigenverdi som landskapselement, vert løfta fram og vidareutvikla.
Elva Opo renn gjennom Odda sentrum, og det vert lagt vekt på å gjere elva til eit attraktiv element for at innbyggarane skal få nærleik til vannet. Det vert derfor tilrettelagt for ein elvesti i samband med erosjonssikringa, og på dei stadene det let seg gjere med friområder. Sikringa skal tilpassast arealbruken og bustadane i bakkant.