Fjellstuetrappene
Den over hundre år gamle Fjellstuetrappa har blitt rehabilitert og sett i stand for å møte 100 nye år. Ansvaret for prosjekteringa er det Nordplan som har hatt.
Den over hundre år gamle Fjellstuetrappa har blitt rehabilitert og sett i stand for å møte 100 nye år. Ansvaret for prosjekteringa er det Nordplan som har hatt.
Nordplan har sidan våren 2012 hatt oppdrag med å prosjektere og følge opp rehabilitering av trappa mellom Byparken og Fjellstua. Dette er ei over hundre år gamal trapp, og ein av dei største turistattraksjonane i Ålesund.
Bakgrunnen for rehabiliteringa er at trappa er i så dårleg forfatning at det er fare for utrasing.Trappa si form og opplevingsverdi er derimot framleis like god. Det har difor vore lagt vekt på å ivareta og forsterke forma på trappeløpet, dette i form av eit lyst betongdekke, og ei ny lyssetting som framhevar trappeløpet. Det er tilrettelagt for gode stoppestadar langs trappeløpet. Informasjon om trinnummer og navn på stadar er støypt ned i betongen i rustfritt stål.
Sidan prosjektområdet er så samansatt og lite, er det lagt stor vekt på eit godt samspel mellom dei ulike momenta i trappeløpet. Alt heng saman og avhenger av kvarandre.
RELATERTE PROSJEKTER

Norsk Fjellsenter
