Fjordstien, Ålesund kommune

Bystyret bestemte i 2009 at det skulle byggast ein samanhengande tursti frå Bogneset og inntil Furmyra aust for sjukehuset. Første delstrekning på 2km prosjekterte kommunen sjølv og arbeidet var ferdig i juni 2013. Delstrekninga frå Bogneset til Holmeskjærsvika er blitt svært populær, og er mykje brukt til turar og trening.

Nordplan fekk i 2013 det spennande oppdraget å prosjektere turstien vidare frå Holmeskjærsvika og inn til Svartskjervegen, ca 1,3km. Denne delstrekninga er ei meir teknisk krevjande strekning enn den fyrste. Terrenget i området varierer frå flatt myrlendt til bratt steinfylling, og det er brukt natursteins- og betongmurar for å redusere inngrepa. Ei anna utfordring var at traseen fleire stadar ligg tett inn til eksisterande naust og hagar, som fører til knapt byggeareal og ekstra tilpassingar. Vi prosjekterte, i tillegg til turstien, trapper og ramper for å oppretthalde snarvegar til naust og strandsona.

Utbygginga av delstrekninga er delt i tre parsellar, der parsell 1 og 2 er planlagt ferdig til sommaren 2017.

Snitt rasteplassPlantegning rasteplassFoto fjordstien ferdigstiltFoto fjordstien ferdigstiltFlyfotoFoto fjordstien ferdigstilt
Byggherre: Ålesund kommune- Avdeling for Veg, anlegg og park
Oppdrag: Detaljprosjektering tursti Holmeskjærsvika - Svartskjervegen.
Fagområde: Plan- og infrastruktur
Prosjektnr.: 13068
Stad: Ålesund
År: 2015

RELATERTE PROSJEKTER