Førde Rådhus

Førde Rådhus er resultatet av ei målbevisst satsing på sentrumsutvikling i Førde kommune. Nordplan AS, saman med arkitektkontoret Mestres Wåge Arquitectes, vann plan- og designkonkurransen for Rådhuskvartalet i Sentrum Sør. Vinnarforslaget hadde ein bevisst strategi for urban utvikling, med intensjonar om fortetting og etablering av nye byrom i Førde by.

Førde Rådhus er byggetrinn 1 i kvartalet og har fått eit lett fotavtrykk på gateplan. Gjennomgang i eit ope atrium i midten inviterer bylivet inn og gjennom bygget. Volumet er tilpassa den etablerte skalaen i sentrumsområdet og arkitekturen spelar på openheit, transparens og variasjon i skala og balansert rytme i fasadeutforming. Bygget husar administrasjonen og helsetenester i Førde kommune, i tillegg uteleigelokaler til andre kontorfunksjonar. I 4.etasje er bystyresal, møterom og ei felles kantine med stor takterrasse. På torget er det lagt inn eit trappeamfi mot elva Jølstra, som styrker samspelet mellom byrom og dette flotte naturelementet gjennom sentrum.

PanoramabildeSett frå PikantFasade mot elvaFrå LangebruvegenDetalj av inngangOverbygd torgAtriumKontorinteriørMøteromBystyresal
Byggherre: Førde Kommune
Oppdrag: Vinner av plan og designkonkurranse om detaljprosjektering av nytt rådhus
Fagområde: Arkitektur, prosjektleiing, energirådgjeving og BIM
Prosjektnr.: 10080
Stad: Førde
Areal: 9300 m2 BTA
År: 2013

RELATERTE PROSJEKTER