
Førde Sentralsjukehus - Bygg Aust
Nybygg for interkommunal legevakt og overgrepsmottak samt administrasjon i Helse Førde.
Nybygg for interkommunal legevakt og overgrepsmottak samt administrasjon i Helse Førde.
Grete Marøy Sellevoll
Avdelingsleiar Sunnfjord, Sivilarkitekt MNALBygg Aust er eit nybygg ved Førde Sentralsjukehus som inneheld felles interkommunal legevakt, overgrepsmottak og kommunal akutt døgneining i tillegg til avlastingsareal med kontor, møte- og grupperom for Helse Førde. Delar av eksisterande sjukehus og parkanlegg er freda av Riksantikvaren. Arkitektoniske prinsipp frå det opphavelege sjukehuset vidareførast i typologi, volumoppbygging og fargebruk i nybygget.
Bygget er prosjektert etter høge krav til generalitet / fleksibilitet. Det er lagt vekt på gode prinsipp for universell utforming. Bygget er oversiktleg, lettfatteleg og har ein eigen identitet. Dette er prinsipp som er viktige for å fremme naturleg lesbarheit og orientering. Bygget har passivhusstandard. Det er lagt vekt på omsyn til miljømessige konsekvensar ved val av materialar og prinsipp for utforming i detaljprosjektet.
1. september 2017 vart legevakta, KAD-eininga og overgrepsmottaket offisielt opna av Helse- og omsorgsminister Bent Høie. NRK sitt innslag om opninga vart sendt på Vestlandsrevyen (link opnar i ny fane);
https://tv.nrk.no/vestlandsrevyen
Bygget har óg vore omtala i fleire avisartiklar (link opnar i ny fane);
https://www.nrk.no/verdas-finaste-legevakt
https://www.nrk.no/splitter-nytt-legevaktbygg
https://www.firda.no/dette-blir-ei-av-landets-beste-legevakter
RELATERTE PROSJEKTER

Norsk Fjellsenter
