Førde sentralsjukehus, detaljreguleringsplan
Nordplan AS har på vegne av tiltakshavar Helse Førde HF utarbeida ein detaljreguleringsplan som legg rammer og føringar for sjukehusområdet i Førde.
Nordplan AS har på vegne av tiltakshavar Helse Førde HF utarbeida ein detaljreguleringsplan som legg rammer og føringar for sjukehusområdet i Førde.
Grete Marøy Sellevoll
Avdelingsleiar Sunnfjord, Sivilarkitekt MNALSentralsjukehuset i Førde er det største av dei tre sjukehusa i Sogn og Fjordane. Frå 2001 overtok Staten styringa av sjukehusa frå fylkeskommunen. Vestlandet vart då ein eigen helseregion - Helse Vest RHF – der sjukehusa i Sogn og Fjordane er ei underavdeling - Helse Førde.
Innanfor forslag til planavgrensing for detaljreguleringsplanen står eksisterande hovudbygg, psykiatribygg, ungdomsavdeling for psykisk helsevern (UPH), teknisk sentral, «Bygg aust» og luftambulansebygg. Resten av området består av park-, veg- og parkeringsareal. Elles er store delar av planområdet nytta som jordbruksareal i dag.
Det er behov for areal til bygging av mange nye og utvida sjukehusfunksjonar i åra framover, både på kort og på lang sikt, og utarbeiding av denne planen legg til rette for det samt å oppnå ei konsentrert utbygging med sjukehusfunksjonar innanfor planområde.