Førdehuset, utviklingsplan

Førdehuset var i si tid ei storsatsing og det første bygget i sitt slag som kombinerte kultur- og idrett i same bygg. Bygget var teikna av Peder Ristesund i 1976 med Kino, bibliotek, kafè, symje- og idrettshall. Anlegget har blitt ein stor suksess og forbilde for andre kommunar og er framleis ein viktig møtestad og identitetsfaktor for Førdesamfunnet.

Byggetrinn 2: 1996

Areal: 5800 m2 - Tilbygg til eks. kulturhus

Arkitekt: Siv. ark. Arild Wåge, Rune Nordvik og Peder Ristesund

Omfang: Utviding idrettshall 47 x 72 m ( 3 handballbaner) inkl. tribuner og garderober. Kunstmuseum for Sogn og Fjordane Kunstnersenter, Sogn og Fjordane teater med produksjonsområde, teatersal og scene, ny ekstra kinosal.

Byggetrinn 3: 2010-2019

Arkitekt: Nordplan AS

Omfang: Totalrehabilitering av storsalen til 600 seter, inkl. nytt galleri, scenerigg og tekniske anlegg.

Vidare har Nordplan hatt ulike oppdrag med bl.a. ombygging toalettanlegg, undervisningslokaler for Kunst, Arkitektur og Design - Hafstad vidaregåande skule, utviklingsplan med konseptskisser for Førdehuset og området rundt, konseptskisse for ny klatrehall ved Førdehuset og programmeringsarbeidet for tilbygg Førde Kulturskule.

Bilete frå søraustStorsalen
Byggherre: Førde kommune
Oppdrag: Konseptfase, forprosjekt, detaljprosjekt, programmering Førde kulturskule
Fagområde: Arkitektur, landskap, konstruksjon og brannteknikk
Prosjektnr.: 14241
Stad: Førde
Areal: 5800 m2 BTA
År: 1996 – seinare ulike ombyggingsprosjekt

RELATERTE PROSJEKTER