Forprosjekt og kommunedelplan for Esefjorden

Forprosjektet drøfta ulike alternativ og tilpassing av to hovudalternativ for framtidig vegløysing for Fv. 55 ved Esefjorden: bru over Esefjorden eller utbetring av eksisterande veg og rassikring av veg rundt. Nordplan AS har med samarbeidspartar utarbeidd ein rapport som silar alternativa fram mot hovudløysingar i kommunedelplanen.

Planforslaget byggjer på tilråding frå omfattande konsekvensutgreiing av båe alternativa, med utgangspunkt i Statens vegvesen si Handbok V-712. Nordplan AS med samarbeidspartar har utarbeidd tematiske rapportar for 9 ulike tema:

  • Landskapsbilete
  • Kulturminne og kulturmiljø
  • Landbruk og sjøtransport
  • Lokalt og regionalt reiseliv
  • Nærmiljø og friluftsliv
  • Naturmangfald
  • Økonomisk samfunnsnytte
  • Skredfare
  • Støy

Nordplan AS har utarbeidd plankart og føresegner, planomtale med samandrag av konsekvensar, samt ROS-analyse. Verknad for landskapsbilete vart teikna opp og vist i lett tilgjengeleg og webbasert 3D-illustrasjon, med innsyn for alle aktørar i prosjektet. Planframlegget konkluderer med at bru over Esefjorden kjem best ut både for prissette og ikkje prissette konsekvensar, og vart den tilrådde løysinga.

Illustrasjon frå bruGangvegBilde av landskapetPlankart
Byggherre: Balestrand kommune
Oppdrag: Forprosjekt og kommunedelplan
Fagområde: Arealplan
Prosjektnr.: 16003
Stad: Esefjorden, Balestrand kommune
År: 2016-2017

RELATERTE PROSJEKTER