Friområde, Amonda
Friområde som er tilpassa terreng, omgjevnader og lokalt klima. Anlegget ivaretar krav til universell tilgjenge og omsyn til lokale kulturminne.
Friområde som er tilpassa terreng, omgjevnader og lokalt klima. Anlegget ivaretar krav til universell tilgjenge og omsyn til lokale kulturminne.
Friområdet som vil liggje i tilknyting til eit nytt bustadområde i Måløy har innarbeidd og framheva viktige kulturminne frå 2. verdskrig. Det har vore eit tett samarbeid med Måløyraidsenteret og Fylkeskommunen for å integrere kulturminna som ein naturleg og spanande del av friområdet. Det er no etablert eit unikt leike- og opphaldsområde i eit særskilt verdifullt område for Måløy.
Ei av skyttargravene er sikra og botnen i grotta er jamna ut slik at han gjev trygg tilgjenge for alle. Turstien som er universelt utforma er lagt slik i terrenget at myrområda har fått liggje i fred, samstundes som den gjer tilgjenge til skytterhola, bålplass med sitteplassar og balanse/leikeapparata.
Bålplassen er etablert av 2 natursteinsmurar som saman med eksisterande knaus lagar ei hesteskoform. Slik vert sitjeplassane skjerma for vind frå ulike retningar.
Materialval er teke med omsyn til naturlege material frå krigen sine dagar; grusa sti, steinsettingar og leikeapparat i tre er med på å styrke identitet og særpreg til området.