Gangbru over Likholefossen

Gaularvassdraget er eit verna vassdrag ved nasjonal turistveg, riksveg 13 over Gaularfjellet i Sogn og Fjordane. Gangbru over Likholefossen vart bygd som eit tiltak ved nasjonal turistveg over Gaularfjellet, og har blitt ein turistattraksjon i seg sjølv. 

Brua har ei lengd på 24 meter, med rampar på åtte meter på kvar side. Den har fritt spenn på 21,6 meter, er 0,6 meter brei og har kroppsnær dimensjon i ei V-form. Brua er utført i rustfritt stål og reflekterer. Dei breie stålprofilane gjev brua ein svevande karakter.

Brua gir tilkomst til Fossestien og eit flott turområde på andre sida av elva. Likholefossen er ein flott og mektig foss med til tider stor vassføring. Brua skal gje ei kjensle av å stå midt i fossesuget. Konstruksjonen er mellom anna presentert internasjonalt.

Byggherre: Statens vegvesen
Oppdrag: Gangbru over Likholefossen
Fagområde: Prosjektering bru
Prosjektnr.: 03081
Stad: Likholefossen, Gaularfjellet
År: 2005

RELATERTE PROSJEKTER