Gangbru Sogndalselvi – «Kadlatrava»

Hausten 2018 utlyste Sogndal kommune designkonkurranse for ny gang- og sykkelvegbru over Sogndalselvi. Denne vil bli ein del av Fjordstien i det same området. Tre firma leverte kvar sine to forslag. Ilag med Arkitektfirmaet Stiv Kuling i Sogndal vann vi denne konkurransen med forslaget «Mingling i osen». Dette prosjektet er no ferdig prosjektert og er venta ferdigstilt i løpet av 2019.

Men det andre bidraget vårt; «Kadlatrava» er også eit flott prosjekt – dvs. 2 alternative utføringar av ei skråstagbru. Alternativet som er tenkt å ligge heilt lengst framme i elveosen har eit spenn på 65 m. Det andre alternativet er trekt lenger opp i elva, og ville få eit spenn på 48 m.

Brua er tenkt konstruert som ei Skråstagbru med doble skråstilte tårn plassert på eine sida. Skråstaga med berekablar ber heile bruspennet og har særskilt bakforankring ved hjelp av kablar ned i bakkefundament. Brua er ei stålbru med plasstøypt betongdekke som avstiving.

 Juryen sin uttale til design og arkitektur:

«Kadlatrava har fått ei tydeleg moderne utforming, mykje likt det vi finn i moderne bruløysingar i urbane strøk. Dei to brutårna ragar høgt, men vil klart underordne seg dei planlagte høgblokkene på Lerum brygge. Kadlatrava vert ei elegant og moderne utforma bru for si tid. Brua vil, saman med resten av sjøfronten, vere med å danne Sogndal sitt nye «image».»

Fritt spenn i elveosenIllustrasjon KadlatravaIllustrasjon KadlatravaKadlatrava situasjonsplanSnitt AASnitt BBIllustrasjon Kadlatrava
Byggherre: Sogndal kommune
Oppdrag: Prosjektering bygge- og anleggstknikk - konstruksjonsdesign
Fagområde: Byggeteknikk
Prosjektnr.: 18268
Stad: Sogndal
År: Designkonkurranse 2018

RELATERTE PROSJEKTER