
Gunnar S Galleriet, Høyanger
Dagslyset fell inn på glasfelta gjennom vindauga og vil få grafikken til å spele opp i galleriet med vekslande vêrforhold og tider på døgnet. Gunnar S sin produksjon vil syne i veggane uansett kva utstilling som er.
Dagslyset fell inn på glasfelta gjennom vindauga og vil få grafikken til å spele opp i galleriet med vekslande vêrforhold og tider på døgnet. Gunnar S sin produksjon vil syne i veggane uansett kva utstilling som er.
Grete Marøy Sellevoll
Avdelingsleiar Sunnfjord, Sivilarkitekt MNALByporten er eit orienteringspunkt i Høyanger sitt bybilete og er ei svært gunstig plassering for Galleri Gunnar S.
I prosjektet har det ikkje vore aktuelt å endre bygget utvendig, men mange små rom med mange vindauge og små veggflater gjorde det vanskeleg å nytte bygget til utstillingar. Konseptet går ut på å fjerne veggar som ikkje er bærande og å lage opningar og luft mellom etasjane.
Det er montert opaliserte kvite glasplater med folie med grafikk henta frå Gunnar S sin produksjon. Oppheng for utstillingsbilete er etablert innanfor desse glasplatene. På denne måten vil Gunnar S sitt fragment gløde i vindauga og innandørs vere i veggane uansett kva utstilling som er. Dagslyset fell inn på glasfelta gjennom vindauga og vil få grafikken til å spele opp i galleriet med vekslande verforhold og tider på døgnet. Mellom glasplatene og veggen er det regulerbart elektrisk lys som kan styre grafikkverknaden i utstillingsromma, avstemt til situasjonen.
Bygget var hovudsakleg i relativt bra stand, men soppangrep i kjellerveggar/kjellergolv og i delar av golvet i første etasje måtte handterast spesielt. Utvendig er bygget pussa opp og mala. Dette gjeld heile byporten med bygga på begge sider.
RELATERTE PROSJEKTER

Norsk Fjellsenter
