HardangerLift

Pendelbane frå det gamle smelteverket og skalltaket i Odda sentrum og opp til Rossnos. Bana startar på smelteverkstomta i Odda sentrum. Her gjennbrukar ein dei gamle massive betongkonstruksjonane og bygg botnstasjonen inn i desse. I tillegg til sjølve pendelbanestasjonen, vil det også bli bygd klatrehall, drivhus, salsområde og hotell under skalltaket. Bana går over elva Opo og vidar opp i mot toppen Rossnos som ligg på heile 1407 moh. Toppstasjonen med restaurant vil ligge rett ved toppunktet og har utsikt både ut Sørfjorden og mot den majestetiske Folgefonna.  

Nordplan har vore utførande for planprosess, konstruksjon og konstruksjonsdesign i tillegg til å ha leia prosjekteringsgruppa.

Arkitekt og illustrasjoner: Reiulf Ramstad Arkitekter

Foto: NordplanIllustrasjon: Reiulf Ramstad ArkitekterIllustrasjon: Reiulf Ramstad ArkitekterIllustrasjon: Reiulf Ramstad ArkitekterIllustrasjon: Reiulf Ramstad ArkitekterPlankart: Nordplan
Byggherre: HardangerLift, Ullensvang kommune og Norwegian Experience Property AS
Fagområde: Plan, konstruksjon, prosjekteringsleiing.
Prosjektnr.: 18326
Stad: Odda
Areal: Skalltaket/botnstasjon 2700 m2 BTA, Toppstasjon 1900 m2 BTA
År: 2018 -

RELATERTE PROSJEKTER