Hittunsfjøra
Hopp i havet!
Hopp i havet!
PROSJEKT-KONTAKT
Grete Marøy Sellevoll
Avdelingsleiar Sunnfjord, Sivilarkitekt MNALProsjektet omfattar plassering og utforming av badelagune, småbåthamn, parkering og servicebygg i Hittunsfjøra tett på Balestrand sentrum. Nordplan har vore rådgjevar gjennom heile planleggingsprosessen.
Balestrand kommune hadde overskotsmassar frå utsprenginga av reiselivsmusseet og ønskja å etablere eit fritidsområde ved fjorden. Nordplan har berekna dei tilgjengelege massane, samt dei naudsynte dimensjonane på moloane, med tanke på stormflo og utvasking av massar. I båthamna skal det settast ut båtar og vegplanleggarar hjå Nordplan har berekna naudsynt trafikkareal i samband med dette.
Landskapsarkitektane har utforma og detaljert uteområdet med fleire opphaldsoner, terrasserande natursteinsmurar og trapper, samt smågatesteinsrenne for overvatn og parkeringsplassar. Det arkitektteikna servicebygget har universelt utforma toalett samt utedusj og er tenkt brukt av både badegjester og anna publikum t.d frå Balahaugane.
Byggherre: Balestrand Kommune
Oppdrag: Konseptutvikling, regulering og forprosjekt. Kalkyle og div. tekniske berekningar.
Fagområde: Plan, infrastruktur, landskapsarkitektur og arkitektur
Prosjektnr.: 11045
Stad: Balestrand
Areal: 3,3 daa
År: 2014
Last ned prosjektark (PDF)
RELATERTE PROSJEKTER
Norsk Fjellsenter
2016, Lom
Arkitektur og landskap, Bygg og konstruksjon, Idrett, kultur og reiseliv
Trivselshagen
2014, Sandane
Arkitektur og landskap, Bygg og konstruksjon, Idrett, kultur og reiseliv
Kjølsdalen kyrkje - utviding av gravplass
2017, Kjølsdalen, Eid kommune
Arkitektur og landskap, Plan