Hyttefelt Hardbakke - Klubben
Føremålet med planarbeidet har vore å legge til rette for eit hyttefelt på Hardbakke i Solund kommune. Planområdet er på ca. 172 daa. Detaljreguleringa omfattar 1 heilårsbustad og 20 hyttetomter.
Føremålet med planarbeidet har vore å legge til rette for eit hyttefelt på Hardbakke i Solund kommune. Planområdet er på ca. 172 daa. Detaljreguleringa omfattar 1 heilårsbustad og 20 hyttetomter.
Grete Marøy Sellevoll
Avdelingsleiar Sunnfjord, Sivilarkitekt MNALPlanforslaget tek særskilt omsyn til bygging i strandsona og fjernverknaden. Alle inngrep skal gjerast så skånsamt som mogleg for å ta vare på naturpreget, og inngrepsområdet på den enkelte tomta skal avgrensast. Tomtene er nøye vurdert og plassert for å tilstrebe ei god terrengtilpassing, og ein har dermed unngått plasseringar på høgder og kollar. Dette har ein gjort for å unngå løysingar med dominerande hytter som er lett synlege på lang avstand.
Oppdraget har bestått av prosjektleiing, utarbeiding av planskildring, føresegner og plankart samt prosjektering av veg.