Infrastruktur Astruptunet
Etter oppdrag frå arbeidsgruppa for utvikling av Astruptunet har Nordplan AS sett på ulike måtar å løyse parkering og tilkomst til tunet, samt etablere eit visningssenter i tilknyting til tunet som skal bestå av kiosk, toalettanlegg og utstillingslokale.

Grete Marøy Sellevoll
Avdelingsleiar Sunnfjord, Sivilarkitekt MNALEtter oppdrag frå arbeidsgruppa for utvikling av Astruptunet har Nordplan AS sett på ulike måtar å løyse parkering og tilkomst til tunet. Overordna mål med oppdraget var å få illustrert terrenginngrepa som grunnlag for vidare vurderingar. Det var også eit ønskje om å få etablert eit visningssenter i tilknyting til tunet som skulle bestå av kiosk, toalettanlegg og utstillingslokale.
Nordplan har sett på 3 ulike alternativ på korleis tilkomst og parkering kan løysast. Resultatet av mogleg infrastruktur har vore avgjerande for kor visningssenteret kan plasserast. Ved utarbeiding av dei ulike alternativa har det vore viktig å gjere minst mogleg tiltak i sjølve tunet og at mest mogleg av omgjevnadene i og rundt tunet skal vere upåverka. Å få til universell tilkomst til tunet har vore utfordrande då terrenget er svært bratt. Etter vidare vurdering blei tiltak aust for Astruptunet vurdert som det best eigna alternativet.