Innsikt | Utsikt
Innandørs - men ute
Konkurransebidrag til Dagsturhytta Innlandet
Innandørs - men ute
Konkurransebidrag til Dagsturhytta Innlandet
Per Ove Røe
Avdelingsleiar Gudbrandsdal/LillehammerVårt løysingsforslag er utvikla for å passe fint inn i alle landskap i Innlandet – frå skogen og flatbygdene til fjellbygdene og høgfjellet. Dagsturhytta Utsikt | Innsikt dreg linene langt attende i kulturarven og Innlandet si historie, både i form og materialbruk, og speglar lokale element i natur og kultur.
Hytta er bygd opp av massivtreelement, gjerne frå lokal produsent. Dette gjev ein robust og stiv konstruksjon, med innvendige overflater som gjev varme og heilheit.
Dei geometriske formane og den særprega konturen/profilen gjer dagsturhytta til eit umiddelbart attkjenneleg signalbygg, turmål og samlingspunkt for heile fylket.