Knapstadmarka

Nordplan har i dette prosjektet vore rådgjevar og kreativ bidragsytar for kommunen sin prosjektleiar. Nordplan har utarbeidd skisser til overordna situasjonsplan for ei best mogeleg organisering av dei ulike programma som var tiltenkt planområdet. Føremålet med områdereguleringa har vore tilrettelegging av Knapstadmarka som skule-, barnehage- og bustadområde med tilhøyrande infrastruktur.

Planarbeidet har synleggjort problemstillingar i høve massebalanse, hydrologi, infrastruktur og volumstudiar. Arkitekten har utarbeidd skisseprosjekt for barnehagen som totalentreprisegrunnlag. Det har vore jobba aktivt med tilpassing til terreng, blå-grøne-strukturar og eit verdifullt turområde.

Aksonometrisk perspektiv av barnehagenIllustrasjonsplan med Skule- og bustadområdeReguleringsplanen
Byggherre: Flora kommune
Oppdrag: Illustrasjonsplan og områderegulering av Knapstadmarka. Skisseprosjekt samt konkurransegrunnlag totalentreprise for barnehagen.
Fagområde: Arealplanlegging, arkitektur, landskapsarkitektur
Prosjektnr.: 14083
Stad: Florø
År: 2015

RELATERTE PROSJEKTER