KU og ROS kommuneplanen sin arealdel Førde kommune
Gjennom konsekvensutgreiing og ROS-analyse kan ein vurdere nye byggeområde i eit heilskapleg kommunalt utviklingsperspektiv og påpeike potensielle farar.
Gjennom konsekvensutgreiing og ROS-analyse kan ein vurdere nye byggeområde i eit heilskapleg kommunalt utviklingsperspektiv og påpeike potensielle farar.
Grete Marøy Sellevoll
Avdelingsleiar Sunnfjord, Sivilarkitekt MNALSom del av arbeidet med kommuneplanen sin arealdel i Førde kommune 2018-2030 har Nordplan utarbeidd overordna konsekvensutgreiing og ROS-analyse. 12 område foreslegne av privatpersonar, private aktørar og administrasjonen/politikarar vart vurdert for bustadføremål.
Vurderingane vart gjort på eit overordna nivå for å avgjere om dei aktuelle områda var eigna til foreslege arealbruk. Konsekvens av forslag til arealbruk vart vurdert ut i frå verdi, omfang og konsekvens, og tok utgangspunkt i eksisterande kunnskapsgrunnlag. Det vart i tillegg utført synfaring av alle område for å forstå landskapet, bruken av området og utføre registreringar som ikkje kjem fram av kartbasar og liknande. På bakgrunn av funn i ROS-analysa og konsekvensutgreiinga er det stilt krav om avbøtande tiltak, påpeika potensielle undersøkingar i detaljregulering og fleire område vart foreslege innsnevra. Kvar av områda vart som del av konklusjonen tilrådd eller ikkje tilrådd vidareført i kommuneplanen sin arealdel. Konklusjonen for kvart av områda presiserte om tiltaka kunne tilrådast eller ikkje.
Tema for KU:
Miljø:
- Landskapsbilete/bybilete
- Nærmiljø og friluftsliv
- Naturmiljø
- Kulturmiljø
- Naturressursar
Samfunn:
- Folkehelse
- Born og unge
- Universell utforming
- Klima- og samfunnstryggleik
- Infrastruktur og offentlege tenester
- Transportbehov og energiforbruk
Tema for ROS:
- Ras
- Flaum
- Ekstremvêr (nedbør, vind, stormflo)
- Støy
- Utgliding – ustabil grunn