Kulatoppen Omsorgssenter - ny fløy

Nordplan har vore arkitekt og landskapsarkitekt for den nye fløyen på Kulatoppen Omsorgssenter frå skisseprosjekt og totalentreprisegrunnlag for byggherre og følgt prosjektet vidare i byggefasen for totalentreprenør HS-bygg. I tillegg har vi hatt ansvar for brannkonsept og utarbeida reguleringsplan for området. Nybygget er ei utviding av eksisterande omsorgssenter i Måløy, Kinn kommune. Det inneheld 24 bueiningar fordelt på 3 avdelingar, i tillegg til eit dagsenter og ein kontorfløy på bakkeplan. 

I prosjekteringa av uteområdet er det lagt vekt på at det skal være lune soner inntil bygget, men at den fantastiske utsikten skal være lett tilgjengeleg langs gangvegen i utkanten av området. Uteområdet inneheld sanselege element med vatn, teksturar, fargar, lukter og smakar og er tilrettelagt for aktivitet med mellom anna pentanquebane, grillplass, drivhus og treningsapparat.  

Prosjektet er ferdigstilt og blei overlevert til byggherre i november 2021.

3D modellByggeplass august 20213D modellByggeplass august 2021Byggeplass august 20213D modellByggeplass august 2020Byggeplass august 2021Byggeplass august 2021
Byggherre: Kinn Kommune
Oppdrag: Skissefase, detaljregulering, totalentreprisegrunnlag, byggefase
Fagområde: Arkitektur, Landskapsarkitektur, RiBrann, Plan
Prosjektnr.: 17012
Stad: Måløy
Areal: 3000 m2 BTA
År: 2017-2021

RELATERTE PROSJEKTER