Landskapsplan Høvringen

Nordplan har fått i oppdrag av Nasjonalparkstyret for Rondane-Dovre  å utarbeide landskapsplanar for fire innfallsportar rundt Høvringen. Målet var å skape attraktive innfallsportar til verneområdet forankra i dei naturgjevne kvalitetane på staden og organisere området betre med blant anna betre tilrettelegging for parkering og betre organisering av informasjon. Det vart utarbeidd landskapsplanar for Høvringen parkeringsplass og Putten seter, med skildring av dagens situasjon og illustrasjonsplanar med utbetringstiltak. Planane synte fram utforming av planområdet med oppgradering av parkeringsareal, utforming og strukturering av informasjonstorg og skiltval, samt startpunkt for stigar. Det vart utarbeidd eit grovt kostnadsoverslag for utarbeiding av landskapsplanene.

HøvringenHøvringenHøvringenHøvringenHøvringen

I utførelsesfasen støtta Nordplan AS nasjonalparkforvaltaren i Rondane – Dovre med byggjeleiing. Planane vart ytterlegare detaljert, mellom anna vart det utarbeidd forenkla fundament for skilt i tråd med merkevareordninga, og stilt ein del krav til utførelse av tørrmur, overflatevatn/erosjon og revegetering. Det vart gjennomført konkurranse med val av entreprenør. Anlegget vart gjennomført sommaren 2018.

Byggherre: Nasjonalparkforvalter i Rondane og Dovrefjell nasjonalpark
Oppdrag: Forprosjekt, deltaljering og byggjeleiing
Fagområde: Landskapsarkitektur
Prosjektnr.: 16106
Stad: Vågå/Sel
År: 2018

RELATERTE PROSJEKTER