Leikeområde Godøy skule
Dropar i vatnet - festlig og fargerik ramme for barn i aktivitet
Dropar i vatnet - festlig og fargerik ramme for barn i aktivitet
Godøyskulen har oppgradert det eksisterande, asfalterte uteområdet mellom bygningane til ein innhaldsrik og spennande stad med fokus for skulebarn på trinn 1-4 og for SFO, men samtidig open for alle.
Nordplans konsept spelar på regndråpar, vatn og sjø for å skape ein fargerik og levande stad mellom bygningane for leik og eit spennande dekke mellom apparata og element.
Leikeområdet har fokus på universell utforming og inneheld sitjeplassar og samlingsstader, plantekassar og belysning. Element som gummikule montert i dekket blir nytta til balanse og leik, i tillegg til å vere eit sitteelement.
Leikeprodusenten Kompan har illustrert og levert eit prosjekt tilpassa multiapparat som passar inn i Nordplans konsept og byherrens behov og ønske. Apparatet inneheld element med fokus på balanse, koordinering på tvers av kroppen og rollespillanlegg. I si heilheit opplevast det som eit morosamt, motorisk og sensorisk leikelandskap.