Leikeplass i Kyrkjeparken, Aure Sentrum
Nordplan fekk i 2012 oppdraget med å detaljprosjektere ein leikeplass i Kyrkjeparken i Aure sentrum. Leikeplassen ligg tett inntil kyrkja, og utforminga er slik at den også er ein fin stad for kyrkjekaffien.

David Lawford
Fagansvarleg Landskap, Landskapsarkitekt MNLAEin sti gjennom leikeplassen skal knyte den saman med eit større framtidig gangvegsystem i parken og sentrum.
Det er lagt vekt på universell tilgjengelighet, og både spiseplass og delar av leikearealet kan nyttast av alle. Det er brukt barikadedekke på gangsti, og plasstøpt gummidekke på delar av leikeområdet. Kantar mellom dekka er utforma slik at dei kan brukast i leik.
Ein lav tosidig natursteinsmur lagar ei avgrensing av leikeplassen, og er eit element som ofte er knytt mot kyrkja. Leikeplassen er populær, og mykje brukt.