Loen Skylift
Ein spektakulær ny attraksjon og opplevingsarena i hjartet av Fjord Norge!
Ein spektakulær ny attraksjon og opplevingsarena i hjartet av Fjord Norge!
Lars Etterdal
Fagansvarleg BrannI mai 2017 opna Loen Skylift - ein spektakulær ny attraksjon og opplevingsarena inst i Nordfjord. Ei pendelbane løftar deg frå fjorden til 1011 moh. Bana er ei av dei 3 brattaste i verda, med stigning på 54 grader.
Bygget på toppen ligg heilt ute på kanten av fjellet, og taket er ei spektakulær utsiktsplattform. Her kan du nyte utsikta over fjordlandskapet - frå taket, restaurantbordet eller ute på tur i fjellet. Restauranten har plass til 350 personar og drivast av erfarne og tradisjonsrike Hotel Alexandra.
Nordplan har hatt ansvar for konstruksjonsdesign samt veg-, brann- og byggeteknisk prosjektering.
Artikkel i "mur+betong" nr. 3 2017
Artikkel i "Stålbyggnad" nr. 3 2017
Presentasjon "Loen Skylift" - Nordplan AS
360-video av bana (Sunnmørsposten):
Hovenbana er ei pendelbane, der teknologien er basert på vektutligning med to store vogner, der den eine går opp medan den andre går ned. Det er plass til 47 passasjerar i kvar vogn. Stigninga frå fjorden og opp fjellet Hoven er for bratt for ei ordinær gondolbane.
Leverandør er sveitsisk-østerrikske Doppelmayr Garaventa, den største leverandøren i verda på taubaner.