
Måndalen omsorgssenter
Ein god stad å bu, ein god stad å vera samen og ein god stad å arbeide!
Ein god stad å bu, ein god stad å vera samen og ein god stad å arbeide!
Prosjektet omfattar 2 bukollektiv med tilsaman 16 omsorgsbustader for eldre, og erstattar tidlegare Voll omsorgssenter som vart reve i samband med nybygget. Delar av det etablerte utearealet med sansehage (gangstiar og vatn spegl m.m.), er brukt om igjen i det nye anlegget.
Nybygget er forma som ein L der kvart av «beina» inneheld eit bukollektiv med 8 bueiningar kvar. Tilhøyrande fellesareal, personal- og driftsfunksjonar ligg i «vinkelen» i midten.
I planløysinga er det lagt vekt på at bygget skal ha ei utforming ihht. UU, være oversiktleg og ha ein god funksjonalitet og logistikk. Eit viktig prinsipp ved utforminga var å gje bygget ein god relasjon til omgjevnadane og skape god kontakt til eksisterande funksjonar og bebygging i området. Skulegården til Måndalen oppvekstsenter, Bruasetvegen og utsikta mot fjella oppe i dalen er viktige orienteringspunkt for bygget.
Prosjektet er utforma som totalentreprise i samarbeid med Veidekke AS. Nordplan har utforma uteareala, og saman med sivilarkitekt Oddvar Ekroll har vi hatt ansvar for arkitektur.
RELATERTE PROSJEKTER

Norsk Fjellsenter
