Mellomsdokka Rasteplass

Statens Vegvesen held på å planlegge/bygge ny trasse for E6 gjennom Gudbrandsdalen. I samband med dette har dei engasjert kunstnarar for å utforme ein rasteplass på Mellomsdokka i Vinstra. I tillegg til å være ein stad for rekreasjon og opphald, skal rasteplassen ha eit servicebygg med toalett og tømmerom for campingbilar/-vogner.


Hovedkonseptet er ei blå linje i gjennomfarga betong, som varierer både horisontalt og vertikalt. Linja er meint å symbolisere Gudbrandalslågen, men skal samstundes vær eit skille mellom traffikk og opphald for rekreasjon. Langs den blå linja ut mot Lågen er det lagt til rette for fleire ulike oppholdssoner.


Nordplan si oppgave har vært å detaljprosjektere og finne gjennomførbare løysingar på den kustneriske ideen. Dette gjeld både den blå linja, utomhusanlegget og servicebygget. I tillegg til eit ønske om gode tekniske løysingar og val av robuste materialer, skal krav til universell tilrettelegging både utvendig og innvendig takast i vare.

Situasjonsplan. Foto: Lars Erik SolbraaFasade austFasade vestMot NordBy night. Foto: Lars Erik SolbraaMot sør
Byggherre: Statens Vegvesen
Oppdrag: Anbud og detaljprosjekt
Fagområde: Arkitektur-, landskaps- og konstruksjonsprosjektering, prosjektering VA
Prosjektnr.: 13179
Stad: Mellomsdokka
År: 2017

RELATERTE PROSJEKTER