Naustdal barne- og ungdomsskule

Skulane i Naustdal kommune har vore gjennom omfattande strukturendringar og Naustdal barne- og ungdomsskule (NBU) skal bli den samlande storskulen i sentrum. Nordplan har hatt programmeringsarbeid og utarbeida forprosjekt for den nye «sørfløyen», som skal vere basen for 1.- 7. trinn, inkludert lokaler for SFO.

Tilbygget i to etasjar er bunde saman med administrasjons- og lærarfløy med gangbru. 1.-4.trinn har sine baselokaler i 1.etg., med separate inngangar frå skule- og leikeplass. To utvendige trapper fører opp til felles takterrasse og inngangar til 5.-7 trinn i 2.etg.

Det er lagt vekt på at den nye skulefløyen skal vere ein trygg og god læringsarena. Eigne inngangar på småskuletrinna og bruk av glasfelt for openheit og innsyn til klasserom og andre fellesrom. Gangarealet har små lese- og arbeidskrokar, med tilgang til klasserom og grupperom. I det sentrale kjernearealet er det eit felles amfi som bind saman dei to etasjane. Dette kan vere ope eller lukka og nyttast både til undervisning og som vrimle- og leikeareal.

Landskapsplanen er ei totalfornying av skulen sitt leikeareal i sørleg del, som var prega av store asfalterte flater. I det nye utearealet har ein lagt inn meir terrengvariasjon og ulike opphaldssoner som innbyr til leik og aktivitet.

ForplassSideinngangKorridor - Foto: Naustdal barne- og ungdomsskuleAmfi - Foto: Naustdal barne- og ungdomsskuleSituasjonsbildeSituasjonsplanPerspektiv mot skuleplass
Byggherre: Naustdal kommune
Oppdrag: Forprosjekt og anbudsmateriale som grunnlag for totalentreprise
Fagområde: Arkitektur, landskapsarkitektur, byggeteknikk, brannteknikk
Prosjektnr.: 15113
Stad: Naustdal
Areal: 2000 m2 BTA
År: 2017

RELATERTE PROSJEKTER