Norsk Fjellsenter

Norsk fjellsenter i Lom har ein samlande funksjon som besøkssenter nasjonalpark, fjellmuseum og forvaltningsknutepunkt. Her samhandlar fjellmuseum og dei andre aktørane på huset under ein felles overbygnad: kompetanse og arbeidsoppgåver knytt til folk og fjell.

Besøkssenteret rommar utstillingsareal, auditorium, kafé, butikk, resepsjonsdisk med turinformasjon, og utandørs informasjonstorg

Hovudoppgåva var å forme eit tydelegare fjellsenter, samt utvide, oppgradere og tilpasse besøkssenteret til dagens bruk. Fasaden skulle opnast opp, og gis eit løft som fortalte besøkande at dei kunne finne eit moderne besøkssenter på innsida. Det var eit særskilt ønske å bruke arkitektur som blikkfang. Folk skulle legge merke til ei fjellsenter i tida.

Tilbygget måtte derfor utmerke seg og stå i kontrast til, men samtidig være et godt supplement til det eksisterande bygget.

Butikk og vrimlearealDen nye fasaden i 1.etasjeLys ut gjennom vindauga på kveldstidFjellsenteret med utsyn til elva BøvraFjellsenteret sett frå Riksveg 15Fjellsenteret sin nye fasade frå LykkjevegenFjellsenteret sin nye fasadeMot inngangspartietNy inngangsportal med utandørs informasjonstorgPeisTittekasser i golvet for bornaUtandørs vrimlearealVrimleareal

For å bevare heilskap, og skape ei fasade som stod fram som eit tydeleg blikkfang, så blei det viktig å skape eit sterkt arkitektonisk konsept, som kunne handtere dei ulike behova for oppgradering i eitt, samla grep.

Konseptet for utforming er inspirert av både teltduken som bardunerast ned mot terrenget, og stadleg byggeskikk og organisering av bebyggelse. Det nye fasadelivet er trekt i ei rettare snor langs vegen, med nokre knekkpunkt, som gjev dynamikk til vrimlearealet. Med dette grepet vant ein noko areal, men viktigst; det opna opp for betre flyt i publikumsarealet.

Tilbygget vart gjeve eit stramt arkitektonisk uttrykk, som bryt heilt tydeleg med det eksisterande i formspråk, men som samtaler med det i målestokk og material.

Konstruksjonen består av tradisjonelle bindingsverkvegger og eit sperretak, som ligg på ein langsgåande limtrebjelke som bæres av stålsøyler. Utvendig kledning er norsk malmfuru behandla med jernvitrol.

Byggherre: Norsk Fjellsenter
Oppdrag: Konseptfase, forprosjekt, anbud /detaljprosjekt
Fagområde: Arkitektur, landskap, konstruksjon og brann
Prosjektnr.: 14258
Stad: Lom
Areal: Tilbygg 180 m² BTA, ombygging 280 m²BRA
År: 2016

RELATERTE PROSJEKTER