Nybygg BUP og Psykiatrisk klinikk
Med fokus på helsefremjande omgjevnadar, god logistikk og velordna samspel med Førde Sentralsjukehus.
Med fokus på helsefremjande omgjevnadar, god logistikk og velordna samspel med Førde Sentralsjukehus.
Grete Marøy Sellevoll
Avdelingsleiar Sunnfjord, Sivilarkitekt MNALKonseptmodellen for nybygg Psykiatrisk Klinikk og BUP er utvikla i godt samarbeid med byggherre og brukargruppe. Dei to einingane er integrert i eitt bygg og fysisk forbundne med Sentralsjukehuset ved to gangbruer. Koplinga er viktig for pasientar som treng somatisk pleie og omvendt. Løysinga er òg gunstig med tanke på framtidig fleksibilitet og sambruk av areal.
Plankonseptet for bygget er basert på tunprinsippet som gjev god tilgang på dagslys og nær kontakt med innvendige hagar, natur og landskap. Forskning syner at dette kan ha helsefremjande effekt. Det er vidare lagt vekt på gode prinsipp for universell utforming. Bygget er oversiktleg og det er lett å finne fram for pasientar og besøkande i den enkle lineære geometrien som ligg til grunn for anlegget.
Mogleg framtid er vist for å kunne vere trygg på at denne modellen er tufta på eit strategisk perspektiv og samstundes er eit formsvar på dagsaktuelle byggeprogram. Modellen legg opp til vidareutvikling og integrering av somatikk og vaksenpsykiatri i eit fleksibelt, godt organisert og velordna sambruk med heile FSS. Planen gjev rom for meir psykisk helsevern og meir somatikk ved tilbygg og påbygg organisert kring lys og grønt og med bruer til det eksisterande.