Olympic – Your Partner in Blue Energy

Olympic ønskjer å vere i førarsetet når det gjeld utvikling og innføring av miljøvennleg teknologi. Olympic Energy vart eit resultat av dette. I tillegg til eit optimalisert skrog, kan skipet operere på både LNG og dieselolje. Ved bruk av LNG vert NOx-utsleppa redusert med cirka 85% og, CO2 med cirka 20-30%.  

I 2016 valgte Olympic å ta eit steg vidare ved å sjå på atferd og bevisstgjering om bord i sine båtar. Olympic Energy og Olympic Zeus, vart først plukka ut for å innføre energileiing. I takt med visjonen sin, tok Olympic nye steg i 2019, og innførte energileiing og EOS på resterande  åtte fartøy i flåten. Enøk-senteret har vore rådgivar i denne prosessen. Då med finansiering frå Enova, samt kursing og analyse om bord i skipa. Vi besøkte båtane der dei kom til kai eller ankra opp, i fleire Europeiske land.   Vi bidrog seinare ved ved val av system for energioppfølging.

Fagområde: Transport på sjø
Stad: Fosnavåg - Norge, England, Nederland
År: 2016 - 2020

RELATERTE PROSJEKTER